Mjølkevegen, Vinterbrauta eller Vintergata er den galaksen som inneheld solsystemet vårt. Han er 80 000  100 000 lysår i diameter og inneheld ein stad mellom 200 og 400 milliardar stjerner.

Mjølkevegen slik ein trur han ser ut på avstand.
Fotografi av Mjølkevegen sett frå vårt solsystem.

Mjølkevegen høyrer til mindretalet av spiralgalaksar som har stavforma sentrum i staden for ein rund kjerne, som er langt meir vanleg.

Mjølkevegen er medlem av galaksehopen den lokale gruppa. Denne gruppa har ein diameter på om lag 1 megaparsec og omfattar nokre dusin galaksar. Alle er mykje mindre enn Mjølkevegen, så nær som Andromeda-galaksen, som er litt større, og som ligg omtrent 3 millionar lysår unna. Mange av dei mindre galaksane er satellittar til dei to store. Den lokale hopen ligg heilt i utkanten av den gigantiske superhopen Virgo-hopen i stjernebiletet Jomfrua.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.