Mjosja
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mjosja (russisk Мёша, tatarisk Мишә, Mişä) er ei elv i Tatarstan i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre. Elva er 204 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 180 km².
Mjosja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 180 km² | ||
Lengd | 204 km | ||
Munning | Kama | ||
• høgd | 53 moh. | ||
Mjosja 56.0218°N 50.8068°E | |||
Wikimedia Commons: Mosha River | |||
Mjosja har utspring i skogen nær landsbyen Jatmas-Dusaj i Kukmorskij rajon og munnar ut i Kuybysjev reservoaret vest for landsbyen Narmonka. Elva får vasstilførsel frå snø og reng, og frå november til april er elva vanlegvis dekt av is.
Dei største sideelvane hennar er Kazkasj, Vesle Mjosja, Tiamtibasj, Nyrsa, Nurminka og Sula. Den største vassføringa hennar er målt til 1400 m³/s (1979). Elva er regulert. Sidan 1978 har ho vorte verna som eit «naturleg monument i Tatarstan».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.