![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Noneto_mes%25C3%25B4nico_de_spin_0.png/640px-Noneto_mes%25C3%25B4nico_de_spin_0.png&w=640&q=50)
Meson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit meson er ein elementærpartikkel som høyrer til hovudgruppa av partiklar som vert kalla hadron. Meson er i standardmodellen definert som ikkje-elementære partiklar, som består av ei lik mengd kvarkar, og antikvarkar. Ein trur at meson består av eit kvark-antikvark par, i tillegg til mange virtuelle kvark-antikvark par, og virtuelle gluon. I dag leiter ein etter eksotiske meson med forskjellige bestanddelar. Kvarkane kan eksistere i forskjellige tilstandar. Eit π0 meson er til dømes verken opp, anti-opp (), eller ned, anti-ned (
), men ein mellomting som gjen det til sin egen antipartikkel.
Alle meson er ustabile. Dette kjem av samansetninga av kvarkar, som er kvark-antikvark (). Desse kvarkane vil annihilere og danne energi og nye partikler.
Meson vart opphavleg føresagt å vere kraftberarar for krafta som heldt atomkjernane saman. Og då ein først oppdaga myonet, trudde ein pga. liknande masse at det var eit meson, og gav det namnet mu-meson. Men sidan det ikkje var sterkt vekselverkande skjønte ein fort at det ikkje kunne stemme. Det første ordentlege mesonet som vart oppdaga ar pionet. Hideki Yukawa fekk Nobelprisen i fysikk for dette i 1949. Meson er berarar av sterk kjernekraft.
![]() |
![]() |