![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/27/Mekong_River_%2528Luang_Prabang%2529.jpg/640px-Mekong_River_%2528Luang_Prabang%2529.jpg&w=640&q=50)
Mekong
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mekong er ei elv som renn gjennom fleire land i Søraust-Asia, og ei av dei største elvene i verda. Ho er den tolvte lengste elva i verda med ei lengd på rundt 4 350 km[1] og den tiande største når det gjeld vassføring, med ei årleg vassmengde på 475 km³. Elva har eit tilfangsområde på 795 000 km². Ho renn frå det tibetanske platået i Tibet, gjennon Yunnan-provinsen i Kina, deretter dannar ho grensa mellom Burma (Myanmar) og Laos og så grensa mellom Thailand og Laos, før ho renn gjennom Laos, Kambodsja og Vietnam. I Vietnam munnar ho ut i Sørkinahavet.[2]
Mekong | |||
Megaung Myit, แม่น้ำโขง (Maenam Khong), ແມ່ນ້ຳຂອງ, Mékôngk, Tonle Thom (ទន្លេដ៏ធំ, ទន្លេមេគង្គ), Cửu Long, Mê Kông, 湄公 (Méigōng) | |||
elv | |||
Mekong sett frå Luang Prabang i Laos | |||
Land | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 4 350 km | ||
![]() Mekong 33.708611111111°N 94.695555555556°E / 33.708611111111; 94.695555555556 | |||
![]() Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
| |||
Wikimedia Commons: Mekong | |||
Elva har store skilnader i vassføring mellom tørre og regnfulle årstider, og dette saman med stryk og fossar gjer skipsfart vanskeleg. Elva er likevel ei viktig handelsåre mellom Yunnan og Laos, Myanmar og Thailand.
Namnet «Mekong» er avleidd frå ei samantrekt form av namnet på thai og laotisk, Mae Nam Khong.[3]