From Wikipedia, the free encyclopedia
McDonald Ice Rumples er ein ishaug på Bruntisen på grensa til Weddellhavet i Antarktis. Han dekkjer eit område på 5 x 4 km.
McDonald Ice Rumples | |||
ishaug | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 75°28′S 26°18′W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
McDonald Ice Rumples 75.4667°S 26.3°W | |||
Han er kalla opp etter briten Allan McDonald frå British Association of Magallanes ved Punta Arenas som i juli 1916, hjelpte Ernest Shackleton å få nok mildlar til å sende ein skonnert, «Emma», for å redde dei 22 mennene som var forliste på Elefantøya i løpet av Endurance-ekspedisjonen. Shackleton kalla derfor opp ein isbre etter McDonald, men forsøk på å lokalisere denne breen sidan har vore mislukka, så denne ishaugen vart kalla opp etter McDonald i staden for.
Under det internasjonale geofysiske året hadde Royal Society ein base i nærleiken (1955–59) og var kjende med denne haugen. I 1957 var den største høgda over isbremmen rundt kring 18 meter, nokre få hundre meter frå isfronten.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «McDonald Ice Rumples» (innhald frå Geographic Names Information System).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.