From Wikipedia, the free encyclopedia
Mausoleion var eit kjempemessig gravmæle som blei reist i Halikarnassos (dagens Bodrum i Tyrkia) til minne om satrapen Mausollos. Det var rekna som eit av verdas sju underverk, og har gjeve opphav til omgrepet mausoleum om imponerande gravmæle.
Mausollos byrja sjølv på gravmælet, men døydde relativt ung. Systera og enkja hans Artemisia den yngre fullførte mausoleet rundt 350 f.Kr. Bygget stod på eit høgt fundament kledd med kvit marmor, ei jonisk søylerekkje og oppå dette eit pyramideforma tak. Det blei truleg konstruert av arkitektane Satyrus og Pythius, og skulpturane stod bilethoggarane Bryaxis, Scopas, Leochares og Timotheus for. Arkeologiske funn viser at dei som bygde gravmælet kombinerte tre svært ulike stiltypar - lyciansk, gresk og egyptisk stil.
Gravmælet stod uskadd fram til 1100-talet, men blei øydelagd av jordskjelv i mellomalderen. I 1494 blei det funne i ruinar av Johanittarriddarane. Riddarane brukte så marmoren i tempelet til bygginga av Petersborga i 1522.
Det er framleis mogleg å sjå restane etter mausoleet midt i dagens Bodrum i Tyrkia, men det krev ein god del fantasi å forestille seg korleis det har vore - som med Artemistempelet i Efesos. Funn knytte til gravmælet blei gjort først på 1800-talet av den britiske ambassadøren Lord Stratford. Mykje av utsmykkinga frå Mausoleion, mellom anna statuar av Mausollos og Artemisia, er no i British Museum i London.
«Mausoleion» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.