![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Joachim_von_Sandrart-Teutsche_Academie_der_Edlen_Bau_Bild_und_Mahlerey-Kuenste-Matthias_Gruenewald-1679.jpg/640px-Joachim_von_Sandrart-Teutsche_Academie_der_Edlen_Bau_Bild_und_Mahlerey-Kuenste-Matthias_Gruenewald-1679.jpg&w=640&q=50)
Matthias Grünewald
From Wikipedia, the free encyclopedia
Matthias Grünewald, også Mathis Gothart eller Mathis Neithardt (ca. 1470–31. august 1528) var ein tysk renessansemålar som måla religiøse motiv. Han heldt fast ved eit inderleg biletspråk, i motsetnad til den avdempa forma som rådde under den klassiske renessansen i Sør- og Sentraleuropa. Dermed vart han ein målar som formidla eit mellomalderuttrykk i formspråket til dei reine renessansemålarne. Ti av målarverka hans finst att i dag, i tillegg til 35 av teikningane hans. Mange verk forsvann i eit skipsforlis, i frakt til Sverige som krigsbytte.
Matthias Grünewald | |
![]() Eit portrett frå 1679 som skal førestille Matthias Grünewald | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1480, 1455, 1480 Würzburg |
Død |
31. august 1528 (48 år) |
Yrke | kunstmålar, ingeniør, arkitekt, teiknar, entreprenør, bygningstegner |
Sjanger | religiøs kunst, figure |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Matthias Grünewald på Commons |
Grünewalds best kjende verk er altertavla i Isenheim kyrkje i byen Colmar i Elsass (Alsace) i Frankrike. Ved sidan av denne er det reversen til triptyket til Heller-altaret, der hovudsida vert tillagd Albrecht Dürer.