amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Matthew Tyler Murphy (29. desember 1929–15. juni 2018),[1] kjend som Matt «Guitar» Murphy, var ein amerikansk bluesgitarist.
Matt Murphy | |||
Murphy i New York City i 2011 | |||
Fødd | 29. desember 1929 (94 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sunflower i Mississippi i USA | ||
Dødsstad | Miami | ||
Fødenamn | Matthew Tyler Murphy | ||
Alias | Matt «Guitar» Murphy | ||
Opphav | Memphis i Tennessee i USA | ||
Aktiv | 1948 til i dag | ||
Sjanger | Blues | ||
Instrument | Gitar | ||
Kjende instrument | Cort Signature model | ||
Tilknytte artistar | The Blues Brothers, Howlin' Wolf | ||
Plateselskap | Antone's, Roesch, Bluzpik | ||
Verka som | bluesmusiker, gitarist, plateartist |
Murphy vart fødd i Sunflower i Mississippi, og voks opp i Memphis, der faren arbeidde ved Peabody Hotel. Murphy lærte å spele gitar som barn. I 1948 flytta han til Chicago, der han vart med i bandet til Howlin' Wolf, der Little Junior Parker på den tida spelte.[1]
Murphy arbeidde mykje med Memphis Slim, mellom anna på albumet hans At the Gate of Horn (1959).[2] Murphy hadde ikkje sitt eige band før i 1982, men arbeidde i studio og på scenen med mange musikarar, som Ike Turner, Muddy Waters, James Cotton, Otis Rush, Etta James, Sonny Boy Williamson II, Chuck Berry og Joe Louis Walker.
På American Folk Blues Festival-turneen i Europa i 1963 framførte han sin eigen «Matt's Guitar Boogie».[3] Freddie King har sagt at han baserte sin eigen «Hide Away» på korleis Murphy spelte på denne turneen.[4]
I 1978 vart Murphy med i Blues Brothers. Han spelte i filmane The Blues Brothers (1980) og Blues Brothers 2000 (1998), og spelte ektemannen til Aretha Franklin. Han spelte med Blues Brothers Band fram til tidleg i 2000-åra.[2]
Murphy fekk slag i 2003, men spelte att nokre år seinare.[5] Han spelte i lag med James Cotton i 2010 på Chicago Blues Festival.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.