Matrise
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei matrise er ein rektangulær tabell med tal. Matriser er nyttige fordi dei gjer det enklare å handtere store mengder data. Dei blir mellom anna bruka for å løyse likningssystem og i regresjonsanalyse.
Dei horisontale linene i ei matrise blir kalla rader, mens dei vertikale linene blir kalla kolonnar. Kvart enkelt tal blir kalla eit element. Ei matrise med m rader og n kolonnar nemner vi som ei m×n-matrise, og m×n er dimensjonen til matrisa.
Kvar rad og kolonne kan sjåast på som ein vektor, noko som utnyttast til å løyse likningssystem.