![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Matrei_i_o.jpg/640px-Matrei_i_o.jpg&w=640&q=50)
Matrei in Osttirol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Matrei in Osttirol er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Lienz i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen, som omfattar heile dalføret Tauerntal og øvre del av Isental, har ei flatevidd på 277,9 km². Nærare halvdelen av arealet er snaufjell og når opp i Großvenediger, ein av dei aller høgste fjelltoppane i Austerrike. I kommunen bur i kring 4 600 menneske. Turisme, både sommar- og vinter-turisme, er hovudnæring. Kommunesenteret Matrei ligg 975 meter over havet, lågaste punktet i kommunen er på 814 moh.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Matrei_i_o.jpg/320px-Matrei_i_o.jpg)