Mata Hari
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Margaretha Geertruida Zelle (7. august 1876–15. oktober 1917), kjend under kunstnarnamnet Mata Hari, var ein nederlandsk dansar og påstått spion. Ho hevda ho var ei javanesisk prinsesse. I 1914 budde ho i Frankrike der ho var ven med politikarar og offiserar frå begge sider i krigen, før ho i 13. februar 1917 vart arrestert for spionasje og 15. oktober vart avretta ved skyting i Vincennes. Det har seinare vorte diskutert om ho verkeleg var spion eller ikkje, og det er også vorte påstått at ho var kontraspion.
Mata Hari | |
Pseudonym | Mata Hari |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 7. august 1876 Leeuwarden |
Død |
15. oktober 1917 (41 år) |
Yrke | kurtisane, spion, exotic dancer |
Høgd | 173 centimeter |
Far | Adam Zelle |
Mor | Antje van der Meulen |
Ektefelle | Rudolph MacLeod |
Born | Norman-John MacLeod, Louise Jeanne MacLeod |
Mata Hari på Commons |
Margaretha Geertruida Zelle var fødd i Leeuwarden i Friesland i Nederland som dotter av Adam Zelle og Antje Zelle. Faren eigde ein hattebutikk og gjorde investeringar i oljeindustrien som gjorde at familien var nokså velståande. Margaretha gifta seg i 1895 med kaptein Rudolf MacLeod, ein nederlendar med skotske anar som budde i Nederlandsk Austindia, som ho så fekk to barn med. Paret drog til Java i 1897. Ekteskapet var ikkje lukkeleg. Rudolf var alkoholikar og valdeleg, og hadde ei lokal konkubine, ein akseptert praksis i kolonien. Margaretha flytta frå han ei tid, og blei kjend med den lokale kulturen. Ho blei med i ei lokal dansegruppe og tok artistnamnet Mata Hari, ordet for 'sol' på indonesisk (bokstaveleg 'dagsauget').[1]
I 1899 blei begge borna deira sjuke, og sonen Norman døydde. Ulike kjelder seier dei blei forgifta av ei behandling foreldra fekk for syfilis eller at han vart forgifta av ein av tenarane til paret eller ein fiende av Rudolf. I 1902 blei paret separert, og i 1906 skilde dei seg. Sjølv om Margaretha fekk foreldreansvar for dottera Jeanne, nekta Rudolf å senda henne tilbake etter ei vitjing. Margaretha hadde ikkje pengar til å slost for henne i retten. Ho flytta tilbake til Europa og busette seg i Paris.
I Paris nytta Margaretha artistnamnet Mata Hari, og byrja å opptre med eksotisk dans og vere aktmodell på fotografiske kort.
Ho er mest kjend fordi ho skal ha drive med spionasje for Tyskland. Ho skal ha vorte kontakta av tyskarar i mai 1916. Så vart ho i august 1916 kontakta av den franske kontraspionasjen og overtala til å jobbe for Frankrike. Kva som er riktig er noko uvisst, men noko av kjeldene hevdar at spionasjen for ein stor del bestod av misforståingar og overdrivingar. Ho gjekk med på å verte tysk spion mot forskotsbetaling, men utførte aldri noko faktisk spionasje. For den franske kontraspionasjen vart det heller ikkje utført noko spionasje som medførte faktisk brukbare resultat. Likevel vart ho stilt for retten i Frankrike under den fyrste verdskrigen, og vart dømd til dauden ved skyting den 15. oktober 1917.
Ei av historiene som går om avrettinga er at Mata Hari sende eit slengkyss til soldatane som var utkommanderte. Om det så skjedde, så var det nok snarare til forsvarsadvokaten hennar, Clunet, som ho hadde hatt eit forhold til. Ei anna historie er at ho ikkje ville ha noko bind for augo, då det skulle ha vore forsøk på å byte ut patronene med lausskot. Dette er eit tema i intrigen frå operaen Tosca. Det har også vore hevda at ved obduksjonen etter avrettinga viste det seg at ho var gravid da ho vart skoten. Det har vore gammal praksis i land som praktiserer dødsstraff at gravide kvinner som er dømt til døden ikkje vart avretta før etter at barnet var født.
Livet til Mata Hari har vorte filmatisert fleire gongar, blant anna i 1931 med Greta Garbo og i 1985 med Sylvia Kristel som Mata Hari.
I Melodi Grand Prix 1976 framførte Gudny Aspaas og Anne-Karine Strøm songen «Mata Hari». Strøm vann den norske finalen, og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1976, som vart arrangert i Haag i Nederland.
I 2021 framførte Samira Efendi songen «Mata Hari» i Eurovision Song Contest, som det aserbajdsjanske bidraget i tevlinga. Tevlinga vart arrangert i Rotterdam i Nederland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.