Massesenter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Massesenter, massefellespunktet og tyngdepunktet til eit system med partiklar er, eit spesifikt punkt, der i mange tilfelle, systemet oppfører seg som om det massen til systemet var konsentrert i eit punkt. Massefellespunktet gjeld berre for partiklane som systemet består av. I tilfellet av ein stivt lekam, er massefellespunktet eit fast punkt i samsvar med lekamen, men ikkje naudsynleg i kontakt med lekamen. For ein tilfeldig fordeling av massar vil massefellespunktet kunne vere eit punkt i rommet som moglegvis ikkje korresponderer til massen kvar for seg. I samanheng med eit heilt uniformt gravitasjonsfelt, blir massefellespunktet ofte kalla tyngdepunktet, det vil seie det punktet der det blir sagt tyngdekrafta påverkar lekamen.
Massefellespunktet stemmer ikkje alltid overeins med det geometriske senteret til lekamen. Dette blir mykje utnytta som til dømes, av ingeniørar som prøver å designe bilar med så lågt tyngdepunkt som mogleg og høgdehopparar som bøyer kroppen sin på ein slik måte at kroppen overstig stonga samstundes som massesenteret deira ikkje gjer det.