Masoviske voivodskap
From Wikipedia, the free encyclopedia
Masoviske voivodskap (polsk Województwo mazowieckie eller berre Mazowieckie) er den største og mest folkerike av dei 16 voivodskapa i Polen. Det ligg sentralt i landet og har eit areal på 35 566 km² og 5,5 millionar innbyggjarar. Den største byen er Warszawa (1,7 mill) og andre store byar er Radom (226 000) i sør, Płock (127 000) i vest, Siedlce (77 000) i aust og Ostrołęka (55 000) i nord. Warszawa er hovudstad både i voivodskapet og i landet.
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Masoviske | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Warszawa | ||
Areal | 35 566 km² | ||
Folketal | 5 492 000 (31. mars 2011) | ||
Masoviske voivodskap 52.333333333333°N 21.1°E / 52.333333333333; 21.1 | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Masovian Voivodeship | |||
Lukk