![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Marius_Urzica_2009.jpg/640px-Marius_Urzica_2009.jpg&w=640&q=50)
Marius Urzică
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marius Daniel Urzică (fødd 30. september 1975) er ein rumensk tidlegare turnar som vart både olympisk meister, tre gongar verdsmeister og tre gongar europameister i bøylehest. Han vert rekna som ein av dei aller beste i øvinga. To turn-element, eitt i bøylehest og eitt i skranke har namn etter honom.
Marius Urzică | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 30. september 1975 (48 år) Toplița |
Idrett | turn |
Tok del i |
gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's pommel horse, Turn under Sommer-OL 2004 – Bøylehest menn |
Urzică vann gullmedaljen i bøylehest ved EM 1994, 2000 og 2002. Åra 1994, 2001 og 2002 sikra han seg gull i same øvinga ved verdsmeisterskap, i Turn-VM 1999 vart det sølv i bøylehest. Under Turn-VM 1995 bidrog han mykje til at Romania kom på bronseplass i lagkampen. Urzică deltok i tre olympiske leikar og vann sølv i bøylehest i Atlanta i 1996, gull i Sydney i 2000 og sølv i Athen i 2004, i Athen fekk han også bronse i lagkampen for Romania.