Maritimt klima
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maritimt klima eller kystklima er klima ein vanlegvis har på vestkysten av kontinent på midlare breidder, og søraust i Australia. Liknande klima kan ein òg finne i høgare strøk av kystnære tropiske område og på lesdia av fjellrekkjer langs kysten i tropane. Dette klimaet utgjer gruppene Cfb og Cwb i Köppen si klimaklassifisering.
Maritimt klima har ofte mindre temperaturvariasjonar enn andre stader som ligg på same breidder, og skil seg frå middelhavsklimaet ved større nedbørsmengder om sommaren. Dermed har ein nedbør store delar av året, bortsett frå i visse høgare strøk i tropane, som elles ville hatt tropiske savanneklima om ikkje høgda hadde ført til lågare temperaturar. Nordvestlege område av Stillehavet fell òg delvis utanfor denne klimagruppa på grunn av tørre somrar, men regnsesongen er så pass våt og lang at ein unngår tørkeperioden ein vanlegvis får i samband med middelhavsklima.
Kystklima har kjølige, men ikkje kalde, vintrar og milde og til dels varme somrar. Somrane er generelt òg mykje kjøligare enn område med fuktig subtropisk klima. Dei fleste maritime klima får ein god del nedbør, men det finst visse område, som Patagonia i Argentina, med tørt kystklima.