norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Mari Maurstad (fødd 17. mars 1957 i Oslo) er ein norsk skodespelar frå Oslo.
Mari Maurstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mars 1957 (67 år) Oslo |
Yrke | skodespelar, skribent, stemmeskodespelar |
Språk | norsk |
Far | Alfred Maurstad |
Ektefelle | Aage Kvalbein |
Mari Maurstad på Commons |
Maurstad debuterte på Den Nationale Scene i Bergen 1977 i Kvinner av Claire Booth, medan den fyrste større rolla hennar var som Cordelia i Kong Lear av Shakespeare i 1978.[1] Frå 1977 til 1980 var ho tilsett ved Den Nationale Scene.[1] Ho vart fast tilsett ved Nationaltheatret i 1981.[1] Ho har i tillegg medverka i mange ulike fjernsynsprogram og dubba ei rekkje teiknefilmar.
I 2008 vann ho Heddaprisen for tolkinga si av Miss Lamont i Singin' in the Rain på Oslo nye teater.
For Disney er ho best kjent som røysta til Dolly Duck og Ole, Dole og Doffen i ulike norske Disney-produksjonar[2] og til Shenzi i The Lion King.[3]
Ho er dotter av Alfred Maurstad og halvsyster til Toralv Maurstad og gift med musikaren Aage Kvalbein.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.