From Wikipedia, the free encyclopedia
Maoriar (ˈmaːɔɾi[lower-alpha 1]) er det opphavlege folkeslaget på New Zealand (Aotearoa). Dei folkesette landet frå det austlege Polynesia i fleire bølgjer med mellom kring 1320 og 1350.[1] Gjennom fleire hundreår i isolasjon utvikla desse busetjarane ein særeigen kultur med språk, mytologi, handverk og utøvande kunst som skil seg frå andre austpolynesiske kulturar. Nokre tidlege maoriar flytta til Chathamøyane, der etterkomarane deira danna den andre urfolksgruppa på New Zealand, moriori.[2]
Ordet māori tyder 'normal' eller 'vanleg' på maori, men i segner eller andre muntlege overleveringar tener det til å skilja dødelege skapningar frå ånder eller guddomar. «Māori» tilsvarar uttrykk i somme andre polynesiske språk, til dømes hawaiispråk, der ordet maoli har om lag den same tydinga. Det er også namnet på menneska og språket på Cookøyane, Cook Islands Māori. Maori-nemninga for newzealandarar som ikkje er maoriar, særleg dei av europeisk avstamming, er pākehā.
New Zealand var eit av dei siste områda på jorda som vart busett.
Der er ingen sikre prov på at menneske har vore busette på New Zealand tidlegare enn maoriane. Arkeologiske og lingvistiske undersøkingar tyder på at der truleg har vore fleire innvandringsbølgjer frå aust (Polynesia) til New Zealand i tida mellom åra 800 og 1300. Opphavet til maoriane kan derfor ikkje skiljast frå opphavet til dei polynesiske forfedrane deira. Muntlege overleveringar hos maoriane fortel at dei kom frå Hawaiki (eit mytisk land i den tropiske delen av Polynesia) i store, havgåande kanoar. Desse polynesarane, meiner ein, har så vorte til dei maoriske stammene på New Zealand.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.