Mangersnes-funna representerar funn av dei eldste delane frå klikbygde båtar vi har i Noreg. Under grøftegraving på Mangersnes på Radøy i Alver kommune i Vestland i 1983, vart det funne mange restar eldre båtar. Det var skadde og utslitne band og bord. Det vart funne restar av trenaglar, tau av lindebast og keipar. Funna har vorte tolka som ein båtbyggarverkstad, som særleg viser spor av båtreparasjonar.
Den eine keipen er tidsfesta til ein gong mellom 30 f.Kr og 250 e.Kr. og er den eldste kjende keipen i Norden. Ein annan keip er frå tida 560-670 e.Kr. dette syner at denne bygge- og reparasjonsstaden har vore i bruk i svært lang tid.
Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 15-16. ISBN 978-82-7959-244-0.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.