Manganknoll
From Wikipedia, the free encyclopedia
Manganknollar er uregelmessige, svarte eller brunsvarte klumpar som hovudsakleg består av mangan- og jernoksid med ein indre, konsentrisk bandstruktur. Storleiken av knollane varierer men er vanlegvis omkring 3–5 cm, vekta om lag 100 gram. Knollane kan innehalde opptil 55 % mangan, 35 % jarn og 2 % nikkel, kobolt og koparar, men samansetnaden varierer innan vide grenser.