![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Malouma_2004-crop.jpg/640px-Malouma_2004-crop.jpg&w=640&q=50)
Malouma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Malouma Mint El Meidah, også berre Maalouma eller Malouma (uttale /mɑːloʊmɑː/; fødd 1. oktober 1960), er ein mauritansk songar, låtskrivar og politikar. Ho voks opp i den sørvestlege delen av landet med foreldre som som hadde god kjennskap til tradisjonell mauritansk musikk. Malouma opptredde for fyrste gong då ho var tolv år, og heldt snart solokonsertar. Den fyrste songen hennar, «Habibi Habeytou» inneheldt ein skarp kritikk av korleis kvinner blei behandla av ektemennene sine. Sjølv om songen raskt blei ein suksess, førte han til ramaskrik frå dei tradisjonelle herskande klassane. Etter å ha blitt tvinga inn i eit ekteskap medan ho framleis var tenåring, måtte Malouma gje opp å syngja til 1986. Ho utvikla sin eigen stil som kombinerte tradisjonell musikk med blues, jazz og electro. Ho opptredde på fjernsyn med songar som tok for seg svært kontroversielle emne, som gift samliv, fattigdom og ulikskap. Tidleg på 1990-talet blei ho sensurert i Mauritania, men hadde byrja opptre utanlands ved slutten av tiåret. Etter at forbodet mot musikken hennar endeleg blei oppheva, byrja ho med konsertar og innspelingar att, og fann popularitet særleg hjå den yngre generasjonen. Det fjerde albumet hennar, Knou (2014), uttrykker mellom anna synet hennar på menneskerettar og stillinga til kvinna i samfunnet.
Malouma | |||
![]() | |||
Fødd | 1. oktober 1960 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mederdra | ||
Fødenamn | arabisk المعلومة منت الميداح, romanisert al-Maʿlūma Mint al-Maydāḥ | ||
Opphav | Mauritania | ||
Sjanger | blues | ||
Instrument | Instrumentet ardin | ||
Verka som | politikar, musikar, låtskrivar, skodespelar, skribent | ||
Prisar | Ridder av Æreslegionen |
I tillegg til å vera aktiv som musikar har Malouma òg kjempa for å verna mauritansk musikk, og har oppfordra styresmaktene til å oppretta ein musikkskole, danna sin eigen organisasjon for å støtta den musikalsk arven, og i 2014 oppretta ho sin eigen musikkfestival. Ho blei vald til senator i 2007, som den fyrste politikaren frå sin kaste, men blei arrestert året etter etter eit statskupp. Då det blei halde val att i 2009, blei ho senator for opposisjonspartiet Ech-Choura, der ho fekk særansvar for miljø. Dette førte til at ho i 2011 blei utnemnd til Goodwill-ambassadør for Sentral- og Vest-Afrika. I desember 2014 kunngjorde ho at ho gjekk frå opposisjonen til å bli medlem av regjeringspartiet Union pour la République, der ho følte at ho kunne vera meir effektiv i å bidra til framtida i landet. Arbeidet hennar er blitt anerkjent av Frankrike, som har utnemnd henne til riddar av Æreslegionen, og USA, ved at den amerikanske ambassadøren i Mauritania kalla henne «Mauritanian Woman of Courage».