From Wikipedia, the free encyclopedia
Malgobek (russisk Малгобек, ingusjetisk МагIалбике – Maġalbike) er ein by i Republikken Ingusjetia i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 45 km nordvest for republikkhovudstaden Magas.
Malgobek Малгобек | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Ingusjetia | |
Grunnlagd Bystatus |
1933 1939 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
44 659 | |
Koordinatar | 43°31′N 44°35′E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | 873462 |
Malgobek vart grunnlagt i 1935 som ein busetnad for arbeidarar ved dei nyleg oppdaga oljefelta i nærleiken. Han fekk bystatus i 1939.
Under andre verdskrigen vart Malgobek okkupert av tyske troppar frå 12. september 1942 til 3. januar 1943, då han vart erobra attende av den raude armeen.
I løpet av 1990-talet vart folketalet dobla på grunn av flyktningar frå krigsområda i naborepublikken Tsjetsjenia.
Forutan oljeverksemda til selskapet Ingusjneftegasprom finst verksemder innan treforedling og næringsmiddelindustri.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.