austronesisk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Malayisk (Bahasa Melayu eller Bahasa Malaysia) er eit malayo-polynesisk språk. Malayisk er særs likt indonesisk, lokalt kjent som Bahasa Indonesia, det offisielle språket i Indonesia. Den offisielle standarden for malayisk, som Indonesia, Malaysia og Brunei har vorte samde om, er den varianten som blir snakka på Riau-øya rett sør for Singapore, som lenge har vore sett på som det malayiske språket sin årestad.
Malayisk Bahasa Malaysia Bahasa Melayu Bahasa Malay بهاس ملايو | ||
Klassifisering | Austronesiske språk Malayo-polynesisk | |
Talarar | malayar | |
Bruk | ||
Tala i | Malaysia Thailand Filippinane Singapore Indonesia Brunei | |
Malayisktalande i alt | 200–300 millionar | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Malaysia Brunei Singapore | |
Normert av | Dewan Bahasa dan Pustaka i Malaysia og Brunei | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ms | |
ISO 639-3 | msa | |
Wikipedia på malayisk |
Malayisk er brukt som morsmål av malayane i Malaysia, søre delar av Thailand, Filippinene, Singapore, sentrale austre Sumatra, Riau-øyane og delar av Borneos kyst. Det er offisielt språk i Malaysia, Brunei og Singapore. Det blir òg nytta som arbeidsspråk i Austtimor.
I Malaysia blir det òg nytta som lingua franca for andre folkegrupper, blant dei kinesarar og indarar.
Som morsmål og andrespråk blir malayisk tala av 200-300 millionar menneske.
Malayisk blir vanlegvis skrive med latinsk alfabet, men ein modifisert variant av det arabiske alfabetet, kalla jawi, finst òg.
Malayisk er eit agglutinerande språk, og nye ord kan formast på tre måtar.
Fleirtal blir ofte uttrykt ved hjelp av reduplikasjon, men berre i dei tilfella der det ikkje allereie kjem fram av konteksten.
Ordrekkefølgja er subjekt - verb - objekt. Adjektiv, demonstrativ og eigedomspronomen følgjer det substantivet dei skildrar.
Dewan Bahasa dan Pustaka («Instituttet for språk og litteratur») er i dag ansvarleg for å koordinere bruken av malayisk språk i Malaysia og Brunei.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.