From Wikipedia, the free encyclopedia
United Nations Stabilization Mission In Haiti (fransk: Mission des Nations Unies pour la stabilisation en Haïti, MINUSTAH) er ei fredsskapande innsatsgruppe frå SN i Haiti som har vore i drift sidan 2004. Ho har både ein militær og ein sivil komponent. Den militære komponenten er samansett av ein fleirnasjonal styrke der den brasilianske hæren stiller med den største kontingenten og med leiarskap. I mai 2008 omfatta styrken 9 055 uniformerte personar, der 7 174 av dei var militære og 1 881 politi. Den sivile komponenten av MINUSTAH omfattar både internasjonalt og lokalt rekruttert personell.
Mandatet til MINUSTAH går fram til oktober 2010. Hédi Annabi, som var den dåverande øvste sivile leiaren for gruppa, omkom under jordskjelvet i Haiti 2010.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.