München
From Wikipedia, the free encyclopedia
München uttaleⓘ, på bairisk Minga, er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Bayern. Med 1,33 millionar innbyggjarar er byen den tredje største i Tyskland, og ein av dei mest velståande i Europa. Berre Berlin og Hamburg er større. Han har eit storbyområde på 2,6 millionar innbyggjarar, og i lag med Augsburg, Ingolstadt, Rosenheim, Landshut og Landsberg dannar han eit større byområde med om lag 6 millionar innbyggjarar. Den velståande katolske byen ligg ved elva Isar, og er i løpet av dei siste tiåra blitt eit av dei viktigaste teknologiske sentera i Tyskland og Europa.
München | |
---|---|
Frauenkirche og rådhuset Foto: Stefan Kühn | |
Motto «München mag dich» (München elskar deg) | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Oberbayern Kreisfri by |
Grunnlagd | 1158 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
310,43 km² |
Innbyggjarar - By (april 2007) - folketettleik |
1 332 650 4 293/km² |
Koordinatar | 48°08′0″N 11°34′0″E |
Høgd over havet | 519 m m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 80000–81929 |
Telefon-retningsnummer | 089 |
Bilnummer | M |
Heimeside: www.muenchen.de |
Namnet München tydar bokstaveleg «munkar», og på byvåpnet er det bilete av ein munk, som vert kalla Münchner Kindl, 'barnet av München'. Svart og gull, fargane til Det tysk-romerske riket, har vore dei offisielle fargane til byen sidan Ludvig IV av Det tysk-romerske riket. Byen sitt motto var lenge «Die Weltstadt mit Herz» ('Verdsbyen med eit hjarte'), men har nyleg vorte endra til «München mag dich» ('München elskar deg').