From Wikipedia, the free encyclopedia
Måneskin er eit italiensk hardrockband frå Roma. Bandet består av frontvokalist Damiano David, bassist Victoria De Angelis, gitarist Thomas Raggi og trommis Ethan Torchio.[1] Namnet på gruppa er dansk, og har opphav i at bassisten Victoria De Angelis har dansk som morsmål.[2] Bandet vart skipa i 2016, men slo igjennom to år seinare då det enda på andreplass i sesong elleve av italienske X Factor.[3] Måneskin vann San Remo-festivalen i 2021 med songen «Zitti e buoni» og deltok og vann Eurovision Song Contest 2021 med han. I etterkant av sigeren hadde gruppa også stor kommersiell suksess med songane «I Wanna Be Your Slave» og «Coraline» frå albumet Teatro d'ira: Vol. I.
Måneskin | |||
| |||
Aktiv | 2016– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | poprock, glamrock | ||
Plateselskap | Sony Music | ||
Prisar | Billboard Music Award for Top Rock Song, Vinner av Eurovision Song Contest, MTV Europe Music Award for Best Rock, Premios Odeón |
Bandmedlemmane møtte kvarandre då dei gjekk på same videregåande skule. I 2016 tok dei førebuande utdanning, liceo scientifico, i Roma og bestemte seg for å starte eit band.[4][5] Bandnavnet kom dei på i 2016 då dei skulle melde seg på Pulse, ei lokal musikktevling for nye band.[6] Mens dei hadde idédugnad for namn, bad medlemmane Victoria De Angelis, som er halvt dansk, om å slenge ut nokon danske ord. Dei fall for ordet Måneskin (måneskin), sjølv om tydinga ikkje har noko direkte samband til bandet.[7] Pulse-tevlinga vart også eit vendepunkt i karriera til bandet, sidan dei måtte skrive eigne songar. Som følgje av tevlinga fekk dei opptre på Felt Music Club & School, og vann fyrstepremie i tevlinga.[6][8]
Dei opptredde seinare som gatemusikantar i Colli Portuensi-området i Roma, og i det historiske senteret av byen, inkludert Via del Corso.[9] Ein av dei fyrste livekonsertane til gruppa utanfor Roma fann stad i Faenza, under årsmøtet til Independent Record Labels i 2016.[10] Etter ein tur til Danmark, der gruppa heldt fleire mindre konsertar, begynte gruppa å jobbe tettare saman med fleire øvingar.[8][11]
I 2017 melde Måneskin seg på den ellevte sesongen av italienske X Factor på dei kommersielle tv-kanalane Sky Uno og TV8. Måneskin nådde til slutt finalen i desember 2017, der gruppa enda på andreplass. Parallelt med deltakinga gav Måneskin ut debutsingelen «Chosen» 24. november 2017. Singelen var gjeven ut av Sony Music og nådde ein andreplass på den italienske singellista.[12][13] Songen var òg med på gruppas EP med same tittel, gjevne ut i desember 2017. EP-en bestod hovudsakleg av coverlåtar som gruppa hadde opptredd med under deltakinga i X Factor.[14] EP-en selde til platina-status.[15]
23. mars 2018 slapp Måneskin sin fyrste italiensk-språklege singel, «Morirò da re», som også oppnådde kommersiell suksess.[16][17] Det fyrste studioalbumet til Måneskin, Il ballo della vita kom 26. oktober 2018.[18] Både albumet og singelen «Torna a casa» toppet hitlistene i Italia.[19] For å promotere albumet gav bandet ut ein dokumentarfilm, This Is Måneskin. Filmen hadde premiere i Italia 26. oktober 2018.[20]
I 2021 vann Måneskin San Remo-festivalen med songen «Zitti e buoni».[21] Bandet kunngjorde samtidig sitt nye albumprosjekt, kalla Teatro d'ira: Vol. I vart gjeve ut 19. mars 2021.[22] Bandet representerte Italia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam 22. mai.[23] I vekene og dagane før finalen var gruppa storfavoritt til å vinne tevlinga, og dei innfridde favorittstempelet.[24][25] Gruppa vann finalen med 524 poeng.[26] Eit par veker etter sigeren vart opptredenen deira den mest sette Eurovision-liveframføringa på YouTube, med over 55 millioner visningar.[27]
Etter sigeren gjekk fleire andre låtar frå albumet Teatro d'ira: Vol. I inn på hitlister over heile Europa. I fleire land, blant anna Storbritannia, gjorde den engelskspråklege «I Wanna Be Your Slave» det betre enn «Zitti e buoni».[28][29] Også gruppa sin coverversjon av Madcon-versjonen av «Beggin'» gjekk inn på hitlister i fleire land.[30][31]
Tittel | År | Høgaste listeplassering |
Sertifiseringer[32] | Frå album eller EP | |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ITA [33] | |||||||||||||||||||
«Chosen» | 2017 | 2 |
|
Chosen | |||||||||||||||
«Morirò da re» | 2018 | 2 |
|
Il ballo della vita | |||||||||||||||
«Torna a casa» | 1 |
| |||||||||||||||||
«Fear for Nobody» | 2019 | 26 | |||||||||||||||||
«L'altra dimensione» | 6 |
| |||||||||||||||||
«Le parole lontane» | 5 |
| |||||||||||||||||
«Vent'anni» | 2020 | 12 |
|
Teatro d'ira: Vol. 1 | |||||||||||||||
«Zitti e buoni» | 2021 | 2 | |||||||||||||||||
«–» angjev at songen ikkje nådde hitlista. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.