From Wikipedia, the free encyclopedia
Mättenberg er eit 3 104 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg ved Grindelwald, mellom Wetterhorn og Øvre Grindelwaldbreen i nordaust og så Nedre Grindelwaldbreen og Eiger i vest.
Mättenberg | |||
fjell | |||
Schreckhorn og Mättenberg (til høgre) | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 104 moh. | ||
Koordinatar | 46°36′31″N 8°4′44″E | ||
Mättenberg 46.608527777778°N 8.0788888888889°E | |||
Kart som viser Mättenberg.
| |||
Wikimedia Commons: Mettenberg | |||
Med sine bratte fjellveggar dannar Mättenberg saman med Wetterhorn og Eiger den markante sørsida i dalgryta kring Grindelwald.
Mättenberg er den nordlegaste fjelltoppen i ei omkring ti kilometer lang fjellrekke som strekker seg mot søraust over Ankenbälli 3 161 m, Gwächta 3 164 m, Klein Schreckhorn 3 494 m, Nässihorn 3 741 m, Schreckhorn 4 078 m, Lauteraarhorn 4 042 m, Klein Lauteraarhorn 3 620 m, Hugihorn 3 647 m og Lauteraar Rothörner 3 473 m, og som fell ned mot Finsteraargletscher.
På nordaustsida av Mättenberg ligg Wächselgletscher.
Mättenberg består i hovudsak av kalkstein av same sort som i Aar-massivet og av gneis. I 1994 vart det oppdaga eit hol i kalksteinsberget. Oberer Grindelwaldgletscher hadde trekt seg mykje tilbake og holet kom til syne. Mykje vatn renn gjennom holet, som har fått namnet Milchbach-Höhle (mjølkebekk-holet).
På nordsida av fjellet går ei kabelvogn frå landsbyen Grindelwald til Pfingstegg (1 392 moh), eit utgangspunkt for fjellvandringar og høgfjellsturar, mellom anna til Bäregghütte på vestsida høgt over Øvre Grindelwaldbreen og vidare til Schreckhornhütte.
På vandrevegen frå Pfingstegg til Øvre Grindelwaldbreen vart det i 2005 opna ein 150 meter lang tunnel. Tunnelen vart bygt for å verne turgåarar mot steinras frå Breitlouwina.
Øvre Grindelwaldbreen og Nedre Grindelwaldbreen med brejuvet er attraksjonar ved fjellfoten.
Rundt i kring Mättenberg finn ein synlege prov for klimaendringar. Øvre og Nedre Grindelwaldbreen har trekt seg mykje tilbake, og permafrosten i jordgrunnen tinar. Særleg mellom Mättenberg og Eiger har det ført til fleire jordskred og steinras enn før.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.