Låvesvale
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Låvesvale (Hirundo rustica) er arten i svalefamilien med vidaste utbreiing i verda. Låvesvala er ein karakteristisk fugl med blå overside, ein lang, djupt gaffeldelt hale og krumme, spisse venger. Ho førekjem som hekkefugl i Europa, Asia, Afrika og Amerika.
Låvesvale | |
Låvesvale, Hirundo rustica Foto: Malene Thyssen | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av låvesvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Svalefamilien Hirundinidae |
Slekt: | Hirundo |
Art: | Låvesvale H. rustica |
Vitskapleg namn | |
Hirundo rustica |
Det er seks underarter av låvesvaler som hekkar over den nordlege halvkula. Fire av desse er typiske trekkfuglar, og overvintringsområde deira dekker mykje av den sørlege halvkula så langt sør som sentrale Argentina, Kapp-provinsen i Sør-Afrika, og Nord-Australia. Med den vide distribusjonen er ikkje låvesvala utryddingstrua, sjølv om det kan vere lokale populasjonar i tilbakegang på grunn av spesifikke truslar, slik som bygginga av ein internasjonal flyplass nær Durban.
Låvesvala lever i opent landskap og nyttar vanlegvis kunstige strukturar som hekkeplass, og er dermed spreidd med menneskeleg ekspansjon. Ho byggjer eit koppforma reir av gjørmeklumpar i låvar eller i liknande strukturar og beitar på insekt fanga i flukt. Denne arten lever i nært samband med menneske, og vanen med å ete insekt betyr at dei blir tolerert av menneske. Det er mange kulturelle referansar til låvesvala i litterære og religiøse verk både grunna leveviset nært knytt til menneske og til den iaugefallande årlege migrasjonen.