Lysstyrke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lysstyrke for ei lyskjelde i ei gjeven retning er lik forholdet mellom lysstraumen i eit lite romvinkelelement omkring den gjevne retninga og storleiken av romvinkelelementet.
Eininga for lysstyrke er candela (cd) og er ei av grunneiningane i SI-systemet. 1 candela er lysstyrken i ein viss retning frå ei kjelde som sender ut monokromatisk stråling med frekvens 540 · 1012 hertz og med strålingsstyrke i den gjevne retning på 1/683 watt/steradian.