Lysprikkfiskfamilien
fiskefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Lysprikkfiskfamilien (Myctophidae) er ein familie av fiskar.
Kjappe fakta
Lysprikkfiskfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Myctophiformes |
Familie: | Lysprikkfiskfamilien Myctophidae Gill, 1893 |
Lukk
Dei har ein avlang kropp som er samantrykt frå sidene, feittfinne og små lysorgan i rekker. Dei lever pelagisk i alle hav frå overflata ned til fleire tusen meters djupne. Mange artar vandrar vertikalt i løpet av døgnet; vanleg djupne er 300–1200 m om dagen og 10–100 m om natta.
Lysprikkfiskar finst i enorme mengder, og dei er blant dei mest talrike av alle virveldyr. Dei speler derfor ei viktig rolle i marine økosystem som føde for større fiskar, kvalar, pingvinar og blekksprutar.
Det blir drive kommersielt fiske etter lysprikkfiskar i Omanbukta, utanfor Sør-Afrika og i Subantarktis.