norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lynni Treekrem (fødd 26. desember 1958) er ein norsk musikar frå Kristiansund på Nordmøre.
Lynni Treekrem | |||
| |||
Fødd | 26. desember 1958 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seattle | ||
Fødenamn | Helen Lynn Treekrem | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Kirkelig Kulturverksted | ||
Verka som | songar, komponist | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets kvinnelige artist |
Treekrem vart fødd i 1958 i USA, men allereie da ho var 3 år gammal flytte familien til Noreg og busette seg i Kristiansund. Interessa for song og musikk var stor, og ho underheldt stadig familie og venner. Mens ho gjekk på ungdomsskulen vart ho med i kristiansundsgruppa Asterix. Nokre av barndomsvenene hennar var Frode Alnæs og Øyvind Elgenes som seinare kom til å etablere gruppa Dance with a Stranger. Ho deltok òg i fleire talentkonkurransar.
Treekrem har seinare samarbeidd med mange kjende artistar, som Åge Aleksandersen, Frode Alnæs og Jonas Fjeld. Hausten 1991 kom debutplata hennar ut, Ut i vind, som vart godt motteken blant kritikarar og kundar.[1] Den neste plata hennar, Tusenfryd, vart ikkje fullt så populær, men nådde ein fjerdeplass på salslista.[1] Det tredje albumet hennar, Storm vart òg noko lunka motteke. Storm er den «mørke» plata hennar — innspela i ei tid då Lynni gjennomgjekk depresjonar og skilsmisse. I 2003 kom samle-CD-en I manesjen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.