From Wikipedia, the free encyclopedia
Luiz Inácio Lula da Silva, fødd Luiz Inácio da Silva, kallenamn Lula[1] (fødd 27. oktober 1945) er ein brasiliansk sosialistisk politikar som var president i Brasil frå 1. januar 2003 til 1. januar 2011.[2] I 2022 vart han attvald som president, og tiltredde i stillinga den 1. januar 2023.[3]
Treng oppdatering |
Luiz Inácio Lula da Silva | |||
| |||
Fødd | 27. oktober 1945 (79 år) Caetés | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Brasil | ||
Parti | Partido dos Trabalhadores (10. februar 1980) | ||
Yrke | fagforeiningsleiar, politikar, turner | ||
Mor | Eurídice Ferreira de Melo | ||
Far | Aristides Inácio da Silva | ||
Ektefelle | Maria de Lurdes da Silva, Marisa Letícia Lula da Silva, Rosângela Lula da Silva | ||
Barn | Marcos Claudio Lula da Silva, Lulinha | ||
Verv | President i Brasil 2003–2011 | ||
Føregangar | Fernando Henrique Cardoso | ||
Etterfylgjar | Dilma Rousseff | ||
Verv | President i Brasil 2023– | ||
Føregangar | Jair Bolsonaro | ||
Alle verv |
Lula vart fødd i Caetés i delstaten Pernambuco. Frå 1952 budde han i São Paulo. Han var det sjuande av åtte born, og kom frå fattige kår. Frå han var 12 år gamal måtte han ta diverse arbeid. Han vart etter kvart faglærd metallarbeidar. Frå 1969 var han med i fagforeiningsarbeid. I 1980 var han med å grunnleggja Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores). I 1986 vart han vald inn i den brasilianske nasjonalforsamlinga, Congresso Nacional.[4]
I 1989 stilte han for første gong som kandidat ved presidentvalet, og stilte sidan som kandidat ved kvart presidentval. Før presidentvalet i 2002 tona han ned arbeidarimaget sitt og noko av den radikale politikken sin. Mellom anna gjekk han bort frå kravet om at Brasil skulle slutta å betala utanlandsgjelda si. Han vart vald til president ved valet den 6. og 27. oktober 2002 med 46,4 % av røystene i første valomgang og 61,3 % i andre omgang. I 2003 vart da Silva tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. Han vart attvald den 1. og 29. oktober 2006 med 48,6 og 60,8 % av røystene.
I 2017 vart han stilt for retten, og dømd til fengsel for ei korrupsjonsak.[5][6] I 2019 avgjorde den brasilianske høgsteretten at Lula skulle verta lauslaten, etter eit opphald på 580 dagar i fengselet.[7]
Lula er gift med Rosangêla da Silva, han har òg hatt to tidlegare ekteskap. Lula har i alt fem born.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.