From Wikipedia, the free encyclopedia
Ludvig Filip (6. oktober 1773–26. august 1850) var fransk konge frå 1830 til 1848. Regjeringstida hans vert kalla julimonarkiet eller «borgarkongedømmet», han sjølv nemnd for «borgarkongen». Han vart vald til konge etter julirevolusjonen og styrta under februarrevolusjonen.
Ludvig Filip av Frankrike | |||
| |||
Fødd | 6. oktober 1773 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 26. august 1850 | ||
Dødsstad | Claremont | ||
Gravstad | Chapelle Royale de Dreux | ||
Gift med | Maria Amalia av Dei to Sicilia | ||
Dynasti | Huset Orléans | ||
Far | Louis-Philippe d'Orléans | ||
Mor | Louise Marie Adélaïde de Bourbon | ||
Born | Ferdinand-Philippe d'Orléans, Marie Louise av Frankrike, Marie d'Orléans, Louis d'Orléans, Clémentine d'Orléans, François d'Orléans, Charles d'Orléans, Henri d'Orléans, Antoine d'Orléans, Princess Françoise of Orléans |
Ludvig Filip var son til hertugen av Orleans og delte faren sine sympatiar for den franske revolusjonen. I 1792 gjekk Ludvig Filip inn i hæren til revolusjonsgeneralen Dumouriez og deltok i slaga ved Valmy og Jemappes. Året etter flykta han til Austerrike. Dei neste 14 åra budde Ludvig Filip utanlands og besøkte ei rekke land. Mellom anna reiste han i 1795 heilt til Nordkapp og seinare tok han ein tur til Amerika. Åra 1800–08 budde han i Storbritannia.
I 1809 gifta Ludvig Filip seg med dottera til kong Ferdinand I av Dei to Sicilia. Under restaurasjonen av det franske monarkiet etter napoleonstida spelte han inga viktig rolle. Under julirevolusjonen i 1830 vart han derimot fyrst utropt til riksforstandar, få månader seinare vart han vald til konge.
Ludvig Filips styre gagna særleg den rike delen av middelstanden. Derimot vart han møtt med motstand frå dei liberale og demokratiske partia. Etter 1840 greip kongen meir personleg inn i statsstyret, støtta av førsteminister Francois Guizot. Korrupsjon i politikken og vaklande utanrikspolitikk svekka julikongedømmet si stilling.
Ludvig Filip vart styrta under februarrevolusjonen i 1848. Han stakk omgåande av til Storbritannia, der han døydde to år etter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.