Loyautéøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Loyautéøyane (fransk Îles Loyauté, på norsk også Lojalitetsøyane) er ei øygruppe i Melanesia i Stillehavet som ligg nordaust for Ny-Caledonia. Dei dannar ein av dei tre provinsane som utgjer territoriet Ny-Caledonia. Øyane har eit samla areal på 1 981 km². Provinsen hadde i 2014 18 297 innbyggjarar.[1] Dei viktigste øyane i gruppa er Ouvéa, Maré og Lifou. I tillegg kjem dei mindre øyane Tiga, Mouli og Faiava.
Loyautéøyane utgjer ein del av økoregionen Ny-Caledonia-regnskogar. Det høgaste punktet er på Maré på 138 meter over havet.
Innbyggjarane på Loyautéøyene er av blanda melanesisk og polynesisk opphav. Øyane blei utforska i 1827 av Jules Dumont d'Urville. Frankrike tok kontroll over øygruppa i 1853 saman med Ny-Caledonia.[2]
Loyautéøyane er ein av tre provinsar i Ny-Caledonia. Provinsforsamlinga for Loyautéøyane har sete i Wé på Lifou.
Det er tre kommunar i provinsen: Lifou (Lifou og Tiga), Maré og Ouvéa.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.