norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lorents Lange (23. desember 1783–8. mars 1860) var ein norsk jurist og stortingsmann.
Lorents Lange | |||
Fødd | 23. desember 1783 Vang i Hedmark | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mars 1860 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | Jurist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1814, 1815-1817 og 1833-1835 | ||
Alle verv |
|
Lange var fødd i Vang i Hedmark, der faren var prest. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Bergen i 1801, og cand. jur. i 1805. 1809-10 arbeidde han ved Danske Kancelli i København. Frå 1810 assessor i prisretten i Kristiansand, i 1812 i stiftsoverretten der. Fekk tittelen professor i lovkunne i 1816. 1825-58 var Lange assessor i Høgsterett. Som medlem av Høgsterett deltok han i riksrett i 1827 og i 1845.
Lange var 2. representant på Stortinget for Kristiansand på det overordentlege storting 1814 og på Stortinget 1815-16. I 1814 var han medlem av Lagtinget og av forhandlingskomiteen. 1815-16 var han president i Lagtinget, og visepresident i Stortinget. Han var då medlem av 17 komitear, mellom anna formann i komiteen om odelslova og av gasje- og pensjonskomiteen, sekretær i protokollkomiteen av 4. august. Lange var også president i riksretten 1815-16.
Lange var i 1833 på Stortinget, vald for Akershus. Han var då president i Lagtinget, samt formann i justiskomiteen og i kriminallovkomiteen.
Han var innehavar av St. Olavs Orden.
Lange døydde i Kristiania i 1860.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.