From Wikipedia, the free encyclopedia
Logo (frå gresk for ord, tale) er ei nemning med engelsk opphav for slike merke som har fått ein særeigen grafisk utforming for å verte nytta som kjenneteikn for til dømes eit firma, ein organisasjon, eit spesielt produkt eller ein form for tenesteyting. Ofte er ein logo offentleg registrert som varemerke.
Logoar kan utformast som strekteikningar eller flater i ein eller fleire fargar, og kan vere ei omarbeiding av kjende symbol som til dømes bokstavar, tal og andre slike teikn, ei stilisering av ein konkret figur eller bygning, eller ein heilt abstrakt fantasifigur. Eit fotografi av ein konkret ting, eit hus eller eit landskap, vert ikkje rekna som ein logo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.