Loddetinn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Loddetinn er eit metall med lågt smeltepunkt som vert brukt ved lodding. Som oftast er metallet ei legering av først og fremst tinn, bly og sølv, men ein kan også bruka reint tinn til lodding. Ein skil mellom mjuklodding og slaglodding/hardlodding. For kopar- og blikkenslagaren er mjuklodding mest brukt. Det vert gjort med varm loddebolt og loddetinn.
Loddetinn inneheld eit sjikt av flussmiddel som gir betre heft. Flussmiddelet forsvinn ved lodding, og er heilt naudsynt for at ein skal få ei god lodding. Flussmiddelet er årsaka til lodderøyken som kjem ved oppvarming av loddetinnet.
Direktivet RoHS, som kom i bruk frå 1. juli 2006, seier at det i alle nye elektroniske produkt skal brukast blyfritt loddetinn. Det er likevel mange unntak, som produkt som vert brukt i medisinsk samanheng.
Loddetinn er som regel sett saman av 50 % tinn og 50 % bly. Dette gir ein smeltetemperatur på 200 grader. Loddebolt av kopar leier betre varme og er hardare og meir syretålande.
Smeltetemperaturar
25 % tinn 75 % bly = 257 grader C
30 % tinn 70 % bly = 250 grader C
33 % tinn 67 % bly = 240 grader C
40 % tinn 60 % bly = 230 grader C
50 % tinn 50 % bly = 200 grader C
60 % tinn 40 % bly = 185 grader C
98 % tinn 2 % bly = 220 grader C