Ljøsura
From Wikipedia, the free encyclopedia
62°05′11.8″N 7°03′49.1″E Ljøsura, matrikkelgard nr 125 i Stranda kommune, er ein øydegard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.
Om namnet: Oluf Rygh[1] trur at namnet har samanheng med eit opphavleg namn på elva: Lysa eller Ljøselva.
Ljøsura ligg nær fjorden, på sørsida av Geirangerfjorden, om lag 2 km austanfor Syltavik og rett nedanfor Ljøsurfossen[2] som har eit fall på 240 m. På motsett side av fjorden finn ein fossen Brudesløret og øydegarden Megardsplassen.
Stova på Ljøsura stod i livd av ein stor stein, om lag der det står ei fyrlykt i dag. Garden er tidlegast nemnt i skattematrikkelen for 1647[3] med namn: Lyswhr. Omkring 1724 er han nemnt som ubrukt men i 1732 kom der folk att. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[4] (1766) er garden nemnt Lys-Uur og er oppført med éin «gaardmand». Dei siste brukarane flytta derifrå omkring 1830-1840 og sidan har garden vore øydebruk[5].
Det har gått fleire fjellskred på staden, både før 1720 og omkring 1830[6]