norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Liv Kristine Espenæs Krull (fødd 14. februar 1976), betre kjent som berre Liv Kristine, er tidlegare vokalist for bandet Theatre of Tragedy og vokalist og låtskrivar for Leaves' Eyes fram til januar 2016.
Liv Kristine Espenæs Krull | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1976 (48 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1994– | ||
Sjanger | gothmetal, symfonisk metal, Industrimetall, folk metal, viking metal, poprock | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Plateselskap | Napalm Records | ||
Verka som | songar, songar-låtskrivar | ||
Gift med | Alexander Krull |
Ho vart beden om å slutta som vokalist i Theatre of Tragedy då ho, saman med bandet til sin tyske dåverande ektemann Atrocity, danna bandet Leaves' Eyes. Ho har også gitt ut soloplater.
Den 3. juli 2003 gifta ho seg med Alexander Krull, som då var vokalist for det tyske bandet Atrocity. I desember same år fekk dei sonen Leon Alexander. Dei skilde seg i januar 2016.
Litlesystera hennar Carmen Elise Espenæs er vokalist i bandet Midnattsol.
Liv Kristine Krull har vore gjestevokalist for banda Atrocity, Cradle of Filth, Orden Ogan, Das Ich, Delain, Genius, Heavenwood, Hortus Animae, Immortal Rites, Umbra et Imago, WeltenBrand og Savn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.