fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Lirype (Lagopus lagopus) er ein rypeart av skogshøns. Ho vert ogso kalla for skogsrype og dalrype.[1] Arten har ei sirkumpolar utbreiing med habitat i arktisk til subarktisk område og på subalpin tundra. Lirrypa har fråvære frå Island og Grønland. Ho finst i det meste av Noreg i område med viervekstar og fjellbjørk, i Nord-Noreg kan ho treffast ned mot havnivå. Ho vekslar mellom kvit vinterdrakt og mest brun sommardrakt i heile utbreiingsområdet. Unnataket er underarten i Skottland som er raudbrun gjennom alle årstider.
Lirype | |
Lirype i sommardrakt, Canada Foto: Alan D. Wilson | |
Lirype i vinterdrakt Foto: Eva Kostroma | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av lirype | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Slekt: | Ryper Lagopus |
Art: | Lirype L. lagopus |
Vitskapleg namn | |
Lagopus lagopus |
Høne og stegg (hannfuglen) er om lag jamstore. Vaksne fuglar veg 500-600 gram og har ei lengd på 40 cm. Dei har brunspragla fjørdrakt, steggen ein mørkare raudbrun farge på brystet og halsen. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har same vernefarge som ryggen. Vengene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svart.
Lirype kan forvekslast med fjellrype, men skil seg frå denne på kraftigare kroppsbygnad og tjukkare nebb (ved rota 12–14 mm høgt, berre 8–9 med fjellrypa), vidare på sommardrakta er det ein meir raud-brun farge, ho har annleis låt og annleis tilhaldsstad. Vinterdrakta er snøkvit med svart stjert.
Vårdrakta til hannen er fullt utvikla i mai: det mørke kanstanjebrune på hovudet, hals og ho region teiknar seg skarpt mot den elles snøkvite kroppen. I augene er det blodfylte kammar. I sommardrakt er kjønna om lag like, dei er brun-svart-kvit-spraglete med kvite venger og svart stjert. Haustdrakta liknar sommardrakta. Ungfuglen liknar dei vaksne i sommardrakta.
Lirypa er monogam og begge partane tar del i oppføinga av kyllingane. Høna legg 8–12 egg i mai/juni. Desse har ei rugetid på om lag 20–21 dagar. Hannen hevdar paringsrevir.
Reiret er oftast skjult i kratt, og ein fordjuping i bakken fôrast oftast med gammalt gras og lauv. Oftast legg ho 8-12 egg i mai-juni. Hoa rugar 20-21 døger, eller held seg i nærleiken. Ungane kan fly litt allereie når dei er 8-9 dagar gamle.
Rypene held seg i kull om hausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar. I snøvêr, kuldeperiodar og dårleg ver, grev dei seg ned i snøen.
Når hannen stikkast frå bakken kan ein høyra eit kraftig skrattande «errrrr rakk gakk gakk». I paringstida seier dei: «kopakk kopakk pakk pakk akka hahaha». Hoa svarar nasalt «nja nja».
Lirypa finst over heile landet og held seg i vierbeltet og det øvre bjørkeområdet. På dei store øyane i Nord-Møre lever ein underart som blir berre delvis kvit om vinteren. Ho er eit ynda jaktobjekt, og om lag 1/3 av individa som vert felt i jakt i Noreg er lirype. Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.