From Wikipedia, the free encyclopedia
Linge er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Nederland med ei lengd på om lag 100 km.
Linge | |||
elv | |||
Linge ved Elst | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 100 km | ||
Kjelde | Nær Doornenburg | ||
Munning | Boven-Merwede | ||
Linge 51.833333333333°N 4.9833333333333°E | |||
Kart som viser Linge.
| |||
Wikimedia Commons: Linge | |||
Ho har utspringet sitt nær landsbyen Doornenburg nær grensa til Tyskland og renn til Tiel. Frå her svingar ho seg gjennom Betuwe og munnar til slutt ut i Boven Merwede nær Gorinchem. Fram til Geldermalsen er ho ei heller lita og kanalisert elv. Frå Geldermalsen vert ho større med dike på sidene og små elvesletter. Elva var ein gong ei grein av Rhinen, men vart kutta av for lenge sidan. Elva er framkommeleg for små fartøy og er ei populær elv for fritidsbåtar.
I eldre tider var elva ei viktig handelsåre, men i dag er denne rolla overteke av Rhinen og Waal.
Det veks mykje epletre langs Linge og er eit vakkert område om våren når epletrea blømer. Kvart år i april vert det derfor organisert ei turløype kalla Rode Kruis Bloesemtocht langs elva.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.