Lili Marleen
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Lili Marleen» er ein kjend song skriven av forfattaren Hans Leip (1893-1983). Leip skreiv songen under den fyrste verdskrigen, før han drog til den russiske fronten i 1915. Han vart seinare publisert som «Das Lied eines jungen Soldaten auf der Wacht». Leip var forelska i to jenter, Lili og Marleen, som i dikterisk fridom vart til ei jente.
Diktet vart tonesett av komponisten Norbert Schultze i 1938, og er ein av dei største songsuksessane gjennom alle tider.