From Wikipedia, the free encyclopedia
Likestraum er ein elektrisk straum med ideelt sett ein konstant straumstyrke der straumen går ein og den same vegen i ein straumkrins, i motsetnad til vekselstraum.
I folkeleg bruk tyder straum elektrisitet generelt og inkluderer spenning. I fagleg bruk er straum og spenning heilt forskjellige einingar.
I praksis er elektrisk straum ofte ei blanding av likestraum og vekselstraum, og når likestraumsandelen er størst blir straumen kalla likestraum. Han har då uforanderleg straumretning, men varierande straumstyrke. Når straumstyrken varierer særs sterkt vert han kalla pulserande likestraum. Likestraum vert òg nytta om ein straum som har ein tidvis varierande verdi, men som elles er konstant over eit tidsrom.
Batteri er likespenningskjelder og kan derfor produsere likestraum til ein elektrisk leiande last (ofte ein motstand eller glødelampe). Likeretterar vert nytta til å danne likespenning frå ei vekselspenningskjelde.
Internasjonalt nyttar ein «DC» (direct current) i motsetnad til «AC» for vekselstraum (alternating current).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.