Likør
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Likør (av fransk liqueur, frå latin 'flyta') er ei nemning for ulike aromatiserte og søta typar brennevin. Blant dei mange likørane som finst er dei viktigaste urte-, krydder-, frukt- og bærlikørar. Andre typar kan vera framstilt på basis av bitterstoff, kakaobønner, eggeplommer, fløyte og anna. Kva råvare ein bruker påverkar produksjonsmåte og alkolstyrke.
Ein kan laga likør gjennom uttrekk i kaldt eller varmt vatn eller sprit, destillasjon og liknande. Alkoholen kan vera reinsa sprit eller forskjellige brennevinar, som arak i punsj, whisky og konjakk. Ein søtar som regel likøren ved å tilsetja sukker, men i nokre høve kan ein nytta glyserol og i visse spesialprodukt honning.
Alkoholstyrken er lågast i kremlikørar (18–20 %), litt høgare i fruktlikørar (25–30 %) og høgast i krydderlikørar (40–55 %). Alkoholstyrken har stor tyding for om likøren skal lagrast. Ein likør som curaçao skal til dømes ikkje lagrast, men edle krydderlikørar blir lagra over lengre tid.
Nokre land med mykje produksjon av likør er Frankrike, Italia, Tyskland og Nederland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.