Liffey
elv i Irland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Liffey (An Life på irsk) er ei elv i Republikken Irland som renn gjennom sentrum av Dublin. Dei største sideelvane hennar er Dodder, Poddle og Camac.
Liffey | |||
elv | |||
Gangbru over Liffey og O'Connell Bridge i Dublin | |||
Lengd | 125 km | ||
---|---|---|---|
Kjelde | Kippure i Wicklowfjella | ||
Munning | Dublin Bay i Irskesjøen | ||
Liffey 53.15625°N 6.2880555555556°W / 53.15625; -6.2880555555556 | |||
Wikimedia Commons: River Liffey, Ireland | |||
Elva heitte tidlegare An Ruirthech, som tyder «rasktrennande». Ordet Liphe (eller Life) refererte opphavleg til namnet på sletta som elva rann over, men til slutt vart det namnet på sjølve elva.
Liffey har utspring ved Kippure i Wicklowfjella i County Wicklow og har ei lengd på om lag 125 km. Ho renn gjennom grevskapa Wicklow, Kildare og Dublin før ho munnar ut i Dublin Bay og Irskesjøen.
Det ligg tre vasskraftverk langs elva ved Poulaphouca, Golden Falls og Leixlip, i tillegg til fleire mindre, private installasjonar.
Av byar langs elva finn ein Ballymore Eustace, Newbridge, Clane, Celbridge, Leixlip og Lucan før elva renn inn i Dublin nær munningen.