![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Lidiya_Skoblikova_1967.jpg/640px-Lidiya_Skoblikova_1967.jpg&w=640&q=50)
Lidija Skoblikova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lidija Pavlovna Skoblikova (fødd 8. mars 1939) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Zlatoust som representerte Sovjetunionen. Ho vann i tida 1960-64 seks olympiske gullmedaljar og vart verdsmeister to gongar.
Kjappe fakta
Lidija Skoblikova | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 8. mars 1939 (85 år) Zlatoust |
Yrke | skøyteløpar |
Språk | russisk |
Høgd | 163 centimeter |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Lidija Skoblikova på Commons |
Lukk
Skoblikova vann dei to lengste distansane, 1500 meter og 3000 m, under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Etter å ha vorte nummer tre i skeise-VM tre år på rad, 1959-61, kleiv ho opp på andreplass då VM 1962 fann stad i Imatra, slått einast av landskvinna Inga Voronina. Året etter var rollene omsnudd og Skoblikova viste seg som verdas suverent beste kvinnelege skeiseløpar i både 1963 og 1964, med VM-gull begge sesongane. Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vann ho samtlege fire distansar i skeisetevlingane for kvinnene.