From Wikipedia, the free encyclopedia
Lidaveten er eit fjell (592 moh) i Volda kommune på Sunnmøre. Fjellet ligg ytst på Berkneshalvøya mellom Voldsfjorden og Ørstafjorden. Lenger inne på Berkneshalvøya ligg Helgehornet (623 m).
Riksveg 653 Eiksundsambandet tar av frå E39 i Furene, går gjennom Morkaåstunellen og Helgehorntunellen, og går deretter i lia oppom Sørheim ved Ørstafjorden til vegen går inn i Eiksundtunnelen. Eiksundtunellen går under heile Lidaveten og vidare under Vartdalsfjorden til Eika der vegen held fram til Eiksund på Hareidlandet.
Kommunegrensa mellom Volda og Ørsta går nokså langt oppe i nordaustsida av fjellet.
Lidaveten er eit fint turmål, då det er lett tilgjengeleg, og byr på flott utsikt. Lidaveten er enklast tilgjengeleg frå kommunevegen som går frå Berkvika til Eidheim. Ein følgjer først ein skogsveg, og deretter ein tydeleg sti.
På toppen er det ein stor varde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.