Let's Stay Together
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Let's Stay Together» er ein song av amerikansk artisten Al Green frå albumet albumet med same namn frå 1972. Han vart produsert og innspelt av Willie Mitchell, og miksa av Mitchell og Terry Manning. Songen ut som singel i 1971 og nådde toppen av Billboard Hot 100. Han låg i alt 16 veker på lista og toppa òg Billboard si R&B-liste i ni veker.[1] Billboard rangert songen på 11. plassen for 1972.[2]
Let's Stay Together Singel av Al Green frå albumet Let's Stay Together | ||
B-side |
«Tomorrow's Dream» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Sjanger | Soul, R&B | |
Lengd | 3:16 | |
Selskap | Hi (2202) | |
Komponist | Willie Mitchell, Al Green, Al Jackson Jr | |
Tekstforfattar | Al Green, Willie Mitchell, Al Jackson Jr | |
Låtskrivar(ar) | Al Green, Willie Mitchell, Al Jackson jr. | |
Produsent | Al Green, Willie Mitchell | |
Songen hamna på toppen av årslista til Billboard for R&B-songar i 1972. I 2010 vart han utvald av Library of Congress til å koma med i National Recording Registry, som kvart år vel ut innspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».[3] Rolling Stone rangerte han som den 60. beste songen gjennom tidene i 2011.[4]