From Wikipedia, the free encyclopedia
Leopold Josef Maria von Daun (24. september 1705–5. februar 1766) var ein austerrisk greve og general, president i Hofkriegsrat frå 1762. Han var feltmarskalk i sjuårskrigen.
Leopold Josef von Daun | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket |
Fødd | 24. september 1705 Wien |
Død |
5. februar 1766 (60 år) |
Yrke | offiser |
Far | Wirich Philipp von Daun |
Mor | Maria Barbara, Gräfin zu Herberstein |
Ektefelle | Maria Josepha, Gräfin Fuchs von Bimbach und Dornheim |
Leopold Josef von Daun på Commons |
Grev Leopold von Daun vart oberst i 1725 og general i 1734, før han deltok i felttog i Italia, ved Rhinen og mot Tyrkia. I 1737-39 deltok han i den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter freden i 1748 ivra han for å auke krigsdugleiken til soldatane, utarbeidde nye reglement for hæren og grunnla eit militærakademi i Wiener-Neustadt.
I 1754 vart han feltmarskalk, og då sjuårskrigen braut ut, samla han restane av hæren som var slagen ved Praha, forsterka desse og greidde å sigre over Fredrik II av Preussen ved Kolín. Seinare leid han nederlag ved slaget ved Leuthen og ved slaget ved Torgau. Under resten av krigen nøgde han seg med å iakta fienden, slik at krigen drog ut i tid, utan avgjerande slag. Denne krigføringsmåten er vurdert ulikt av militærhistorikarar. Den varsame strategien hans gav han tilnamnet «Den austerrikske Fabius Cunctator» (som tyder 'drølaren').[1]
I 1762 vart han president i hoffkrigsrådet og gjorde på denne plassen stort gagn for den austerrikiske hæren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.