Elva Lena i Russland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lena (russisk Ле́на) i Sibir i Russland er den tiande lengste elva i verda med ei lengd på 4472 km og har det niande største nedslagsfeltet med 2 500 000 km².
Lena | |||
elv | |||
Lena i Sakha | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 490 000 km² | ||
Lengd | 4 472 km | ||
Middelvassføring | 17 000 m³/s | ||
Kjelde | Bajkalfjella | ||
• høgd | 1 640 moh. | ||
Munning | Laptevhavet | ||
Elva Lena i Russland 53.935555555556°N 108.09194444444°E / 53.935555555556; 108.09194444444 | |||
Nedslagsfeltet til Lena
| |||
Wikimedia Commons: Lena River | |||
Ho spring ut frå ei høgd på 1640 meter over havet i Bajkalfjella sør for Det sentralsibirske platået, og berre 7 km vest for Bajkalsjøen. Lena renn nordaustover og mottar elvane Kirenga og Vitim.
Frå Jakutsk renn ho ut på låglandet og mottar Oljokma og renn så nordover til ho mottar Aldan frå høgre. Verkhojanskfjella tvingar ho nordvestover og etter å ha motteke den største sideelva frå venstre, Viljuj, renn ho nordover til Laptevhavet, eit havområde i Nordishavet. Lena munnar ut sørvest for Nysibirøyane i eit delta som dekkjer 30 000 km²,[1] og vert kryssa av mange store greiner. Den viktigaste av desse greinene er Bykov, som ligg lengst aust.
Elva har ei total lengd på 4472 km og nedslagsfeltet hennar er berekna til 2 490 000 km². Det vert vaska gull i sanden i elvane Vitim og Oljokma, og ein har funne støyttenner etter mammutar i deltaet.