Leiketøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit leiketøy eller ei leike er noko som ein kan leike med, anten ein er barn eller vaksen. Dei kan vere enkle ting brukt i ein fornøyeleg aktivitet, eller dyre og innvikla saker. Medan mange leiketøy har svært lange tradisjonar bak seg, er andre meir moteprega, og assosierte med særskilde tiår.
Leiketøy er ofte mindre modellar av ting og vesen frå det verkeleg livet, til dømes av reiskap (som spann og spade, leikehammar, kjøkkensett), dyr (tøydyr eller plastikkdyr), menneske (dokker og leikesoldatar), og køyretøy (som leikebilar og togsett).